KONFIRMANT 2024/25

Er du fødd i 2010? Eller har du ein ungdom som er fødd i 2010? Lurer du på om du skal konfirmere deg i Herøy Frikyrkje? Eller veit du allereie at du vil? Velkomen skal du vere på informasjonsmøte 27.mai klokka 18! Det blir nyttig informasjon, videoar frå tidlegare år og sjølvsagt ein eller annan kjekk aktivitet! Velkomne både føresette og ungdomar😍 

Målet for konfirmanttida er at du som konfirmant skal bli betre kjend med deg sjølv, med dei andre konfirmantane, med kyrkja og med Jesus. Vi håper DU vil vere med og ynskjer å bli kjend med deg. Vi vil dele oppturar, nedturar og mange fine augeblikk ilag det komande året.

 

Informasjon om konfirmantåret:

I starten av september blir konfirmantane presentert i Herøy Frikyrkje.

Vi legg til rette for to-tre turar i løpet av året. Ei helg med bli-kjent-tur i nærområdet, ein helgetur til Impulsfestivalen i Trondheim og evnt ei utflukt til dersom dette passar.

Vi har konfirmantsamling kvar måndag kl. 18.00 til 20.00 i frikyrkjekjellaren. Konfirmantforeldra deler på å ha ansvar for matservering på samlingane. 

Konfirmantane sjølv arrangerer ei eller to gudstenester i løpet av året, og vi kjem tilbake med dato for desse!

Konfirmasjonsdagar 2025:

Laurdag 26. og søndag 27. april 2025.

Pris:

2500 kr for heile året. Dette inkluderer turane, og gir oss moglegheit til å gjere kjekke ting i lag på konfirmantsamlingane. Vi ynskjer å legge til rette for at alle kan vere med! Dersom kostnaden er ei utfordring, ta kontakt. 

Du treng ikkje vere verken døypt eller medlem i Frikyrkja for å vere konfirmant hos oss! 

Veit du allereie at du vil konfirmere deg kan du melde deg på her: https://forms.office.com/e/zzh4J80Kh3 Vi vil likevel råde dykk til å kome på informasjonsmøte, det blir gitt mykje nyttig informasjon om det komande året!

Påmelding HER!

 

KONFIRMANT 2024/25

Ved spørsmål, ta kontakt med ungdomsarbeidar Maria Lade, maria.lade@frikirken.no eller på tlf 97941193

Powered by Cornerstone